Fredag 3. september 2010 kl 23:56   Temperatur: -3°C
Tenester
Kultur
Om Volda
Volda Online

Søk i artikkelarkivet:  

Sandvolleyballbana offisielt opna

Av: Kjell Arne Steinsvik (Publisert laurdag 25/08/07)

Sandvolleyballbana ved Årneset har vore i flittig bruk i sommar. Laurdag vart den endelig offisielt opna.

I eit øsande regnvêr opna ordførar Ragnhild Aarflot Kalland bana med ein symbolsk serv over nettet.

Snart eitt år har gått sidan sanden først kom på bana. Men sjølv om den ikkje har vorte opna før no, har det vore stor aktivitet på sandbana i løpet av sommaren.

Torgeir Dimmen vore leiar for arbeidet med å få bana på plass. Under opningstalen la han vekt på at bana er fri for alle som vil spele volleyball.

- Det var ein klar forutsetning både frå kommunen og oss om at bana skal vere open for alle å bruke. Alle som vil, skal få prøve å spele volleyball, sa han.

Med sand frå Ryfylket og stenger og nett av høgaste kvalitet, vona han at bana vil verte flittig brukt og skåna for hærverk i framtida.
* Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland tek den symbolske første serven etter opninga.

 

Kommentarar til saka (5):

Innlagt av: Svein:
Yess..Volda er i framgang..
Innlagt av: Hildur Dahl:
Veldi kule bilde : )
Innlagt av: Tjall:
Både sandvolleyball bane og kunstgras bane på en gong. No verte de liv i bygda!!
Innlagt av: rask ludviksen:
kjempe bra tiltak,men får vi sjå verdenstoppane spele her snart????
Innlagt av: Late Great:
Her har ein sans for det gyldne snitt! Stå på Kjeks.

Kommenter denne saka:
(Du må vente minst 10 sekund før du kan legge inn kommentar, og du kan ikkje skrive "http://" i teksten. Dette for å forhindre reklame.)
Ditt namn:
Din kommentar:

« Attende

Dagens bilete:

Webkamera:
Voldaveiret.no:
Høgskulen i Volda:
Til toppen av sida
            Copyright 1999 © 2007 Kjell Arne Steinsvik / Volda Online.·
Warning: mysql_num_rows(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/kjestein/domains/volda.org/public_html/counter.php on line 6

Warning: mysql_fetch_array(): supplied argument is not a valid MySQL result resource in /home/kjestein/domains/volda.org/public_html/counter.php on line 12
0